• Increase font size
  • Default font size
  • Decrease font size
Gje din gåve til Robautviklingsfond
Hjem Prosjekt Skule-prosjekt

Skule-prosjekt

E-post

Skule-prosjektet som er gjennomført i det siste :

Bibliotek til Siraro videregåande skule  i 2013 og Skule-lab 2018. Fire tilleggsklasserom for Loke Kecha barne skule 2026

2025

Bygging av fire tilleggsklasserom har delt i fire faser og starta.

Avslutting fase 24.11.2025!

 

Fase 4


Fase 3


Fase 2

Fase 1


2024

Barneskulen på Loke Kecha i Siraro distriktet manglar klasserom og benker. På skulen går det 1053 gutar og 1026 jenter, til saman 2079 elevar. Midla som bygda sjølv har samla inn, er ikkje nok til å byggja fleire klasserom. Staten bidrar stort sett med å betala lønningane til lærarane. For at flest mogleg skal få gå på skulen, underviser dei på skift på grunn av mangel på klasserom og benkar.Roba utviklingsfond vil gjera noko med det. La oss gi desse elevane eit klasserom og nokre benkar til å sitja på!

Alle pengane som samles inn går uavkorta til bygging av klasserom og kjøp av benker til elevene til Loke Kecha barneskule.
Me har begynt å bygge med pengar som me samla inn tidlegere. Me trenger meir pengar for å gjennomføre og ferdigstilt byggingar
Me er takksame for alt som kjem inn.
Pengane går uavkorta til formålet.

 

 

Siraro Secondary School 2015

Bygging av Skule-laboratoriet vert ferdigstilt i 2019 .

Sjå på bilder i fleire fase frå start til slutt her under.

Siraro Secondary School ( 9. og 12. klasse ) Skulen har fått  bibliotek i 2013 og nå manglar laboratorium.  Materiellet til laboratoriet ligg på eit par skrivebord. Det er ikkje lett å driva god undervisning under slike forhold!

Les mer her

Draumen om biblioteket til Siraro Secondary School er nå realisert!

Biblioteket vart høgtideleg opna med opningsseremoni og stor fest 19. mars 2013. Martha Lea og eg reiste til Etiopia ei vekes tid før påske. Martha Lea er med i styret for Roba Utviklingsfond.

Det var mykje folk slik det gjerne er ved slike høve. Det var elevar, foreldre og folk frå området og sjølvsagt leiinga frå administrasjonen og skulekontoret i distriktet i tillegg til interesserte som har fylgt utviklinga innan skulefronten. Festen vart opna med klypping av ei brei, raud, pynta snor av oss to gjestane. Me fekk seinare vakre gåver, takk og ære lik mange medarbeidarar som hadde yta sitt undervegs. Det gjekk begge vegar.

Skulekontoret i distriktet var òg involvert i dette prosjektet. Dei bidrog med ein del bygge-materiale. Det var viktig for oss at lokalsamfunnet deltok i arbeidet med det dei kunne. Det vert hjelp til sjølvhjelp. Dei får eigarfølelse og passer godt på, først bygging og seinare bygning. Utflytte frå distriktet les om dette på nettet så me hadde med ei sending engelske bøker frå ein landsmann i USA som gåve til skulen.

Resten av festen stod elevane for med song og dans, tradisjon og nye innslag. Alle gledde seg.

Me er takksame til alle som har gitt støtta slik at bygging av biblioteket er gjennomført som eit flott bygg. Det er plassert i det store området der me ved hjelp av alle som bidreg, fekk kjøpt og planta 20000 tre for nokre år sidan. Resultatet er flott så langt og skal fylgjast opp.  Alt styrkar interessa for og kvaliteten til undervisinga på skulen og meir kunnskap til elevane.

Me ser at det trengst fleire betre lærebøker på eige språk og høveleg inventar i det arbeidsrommet eit bibliotek skal vera for både lærarar og elevar. Me arbeider òg vidare saman med skulekontoret i distriktet for å skaffa eit laboratorium der elevane vil ha høve til å arbeida praktisk med realfaga.

Når me er i Etiopia, har me alltid tid til alle dei studentane som får hjelp til vidare skulegang. Det er ei glad og takksam gruppe som inspirerer oss og sender helsingar til glade gjevarar. Det ligg framtid i støtta.

Eit verkeleg lukketreff var at me møtte Ketil Fuglestad som har utvikla AFRI-prosjektet på rett tid og på rett stad ved frukostbordet første morgonen i Addis Abeba. Det kan utvida perspektivet for arbeid, for studentar og for distriktet.

Ein av studentane har med rettleiing alt fått hjelp av Ketil Fuglestad og støtte frå oss sett i gang med planteskule. Det er me takksame for. Kan henda distriktet vert grønare av nyttevekstar om nokre år?

Bileta frå opningsseremonien!


Sist oppdatert tirsdag 07. juli 2026 19:47  
Kontakt Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen